Inkluderende Arbeidsliv talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Inkluderende Arbeidsliv talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) » ia_stillinger » Sjukepleiar/vernepleiar med fagansvar (kopi)

Sjukepleiar/vernepleiar med fagansvar (kopi)

Sveio kommune — SVEIO

Sted
SVEIO
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Kategori
ia_stillinger
Søknadsfrist
04/12/2026

Om stillinga

Me søkjer etter ein ny kollega til Sveio omsorgssenter i fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar med ansvar for fagområde, med ønskja stillingsstorleik på 75–100 prosent. Me tilbyr både ordinær turnus og langvaktturnus.

Den enkelte medarbeidaren har i stor grad moglegheit til å velje den turnusordninga som passar best til eiga livssituasjon og eigne ønskje, så langt drifta tillèt det. Fagområdet du får ansvar for, vert tilpassa kompetansen din, også for nyutdanna.

Me er ein kommune som arbeider etter LEAN/KF-prinsipp, der me jobbar for å bli litt betre kvar dag. Pleie og omsorg er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan utvikle morgondagens helse- og omsorgstenester til det beste for dei som mottek tenester.

Omsorgssenteret er prega av eit godt arbeidsmiljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre. Dei siste åra har fleire av oppgåvene til sjukehusa blitt overførte til kommunen. Dette gir ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar.

Me tek godt imot nytilsette, og du vil få god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god start. Me er opptekne av at du trivst og kjenner deg trygg i eininga.

Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar.

Vestbakken: lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering.

Utsikten: somatisk avdeling og demensgruppe.

Sørbakken: demensavdeling.

Ved alle avdelingane er det per i dag langtidsplassar. Sjå gjerne Instagram-kontoen vår, #SveioOmsorgssenter, for flotte bilete frå kvardagen hjå oss.

Arbeidsoppgåver

medisinfaglege oppgåver og ansvar i tråd med kompetanse

ansvar for fagleg utvikling innafor eige fagområde

koordinering og oppfølgning av faglege prosessar og aktivitar, knytt til ditt fagområde

tverravdelings samarbeid for å styrke heilskapleg kvalitet

samarbeid med pårørande, lege og spesialisthelsetenesta

varierte oppgåver og stor variasjon i behandling

pådrivar for at brukarar opplever tryggleik og meistring

Kvalifikasjoner

autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar

3. års studentar oppmodast til å søkje

personlege eigenskapar vil bli vektlagt

erfaring frå sjukeheim er ønskjeleg

tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

er fleksibel, nysgjerrig og orientert mot løysingar

er fagleg interessert og held deg oppdatert

er trygg i rolla og møter utfordringar med ro og profesjonalitet

arbeider sjølvstendig, men er og ein sterk lagspelar

kan strukturere og prioritere i en variert kvardag

ser verdien av tverrfagleg samarbeid

har gode haldningar og set brukar i sentrum

kommuniserer godt, både med kollegaer, brukarar og pårørende

ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar

Me tilbyr

moglegheit til å velje mellom ordinærturnus og langvaktsturnus, så langt drifta tillet dette

fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar 75 - 100% stilling, etter avtale

funksjonstillegg knytt til fagområde

ein lærande arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid

moglegheit for vidareutdanning

faste fagmøter for sjukepleiarar / vernepleiarar

godt arbeidsmiljø med fokus på nærvær og fagleg kvalitet

gode moglegheiter for utvikling - både fagleg og personleg

faste sosiale arrangement

løn etter gjeldande tariffavtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

Instruktør (kurs) — Wright Trafikkskole As Avd Garver Ytterborgsv
Vedlikeholdsarbeider vaktmesterarbeid — Eidfjord Kommune Kommunalteknisk Drift
Gjøvik videregående skole - Undervisningsstilling i musikk (vikariat) — Innlandet fylkeskommune Gjøvik videregående skole
Fagarbeidar - Nordbygda skule (november 2026) — Masfjorden kommune

IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) – ledige stillinger på følgende steder:

IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ASKER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BERGEN
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BODØ
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BÆRUM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i DRAMMEN
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i FREDRIKSTAD
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i KRISTIANSAND
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i LILLESTRØM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i MOLDE
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i NORDRE FOLLO
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i OSLO
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SANDEFJORD
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SANDNES
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SARPSBORG
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i STAVANGER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TROMSØ
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TRONDHEIM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TØNSBERG
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ULLENSAKER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ÅLESUND
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter