Fastlegeheimel i Giske kommune
Barn, familie og helse, Giske kommune — GISKE
Sted
GISKE
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
24/11/2026

Giske kommune har ledig fastlegeheimel med listestorleiek 960. Oppstart 1.5.2027.

Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett avdelingsleiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.

Våren 2027 flytter legesenteret inn i nyoppussa lokaler, same bygg som i dag.

Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legesenteret blir drifta av Giske kommune og legen inngår leigeavtale (8.2-avtale) med kommunen.

Det er ikkje knytt kommunal deltidsstilling til fastlegeheimelen per i dag.

Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3.

Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Arbeidsoppgåver

Arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.

Helsefremmande og førebyggande arbeid.

Tverrfagleg samarbeid.

Deltaking i legevakt.

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som lege, helst med erfaring frå allmennmedisin.

Oppfyller kompetansekrav for legar i kommunen. http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-02-17-192

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

God digital kompetanse.

Personlege eigenskapar

God på kommunikasjon og samarbeid.

Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.

Evne til å arbeide strukturert og målretta.

Kvinnelege legar bli oppfordra til å søke

Andre opplysningar:

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Vi tilbyr

Spanande arbeidsoppgåver

Gode kolleger og hyggeleg arbeidsmiljø

God fagleg støtte og rettleiing for uerfarne legar

Kontaktinformasjon
Karoline Roald Skjong, avdelingsleiar, +47 94971318

Gretha Giske, einingsleiar, 97028234

Anne-Line Sommerdalen, kommuneoverlege, 93462221

Arbeidsstad
Ytterland 1

6050 Ytterland

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5200576983

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.11.2026

Søk på stillingen »