Barne og ungdomsarbeidar
Valle og Hylestad barnehagar , Valle kommune — VALLE
Sted
VALLE
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Søknadsfrist
22/11/2026

Vil du vere med på å skape ein barnehagekvardag med omsorg, inkluderande leik og meistring?

Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barne- og ungdomsarbeidar til eit 100 % vikariat frå 4. januar 2027 til og med 8. august 2027.

Valle kommune er i vekst, og me gleder oss over aukande barnetal i barnehagen.

Me arbeider med kunnskapsmodellen og har helsefremjande oppvekst som eit sentralt satsingsområde. Gjennom leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar legg me til rette for meistring, rørsleglede og deltaking i fellesskapet. Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar.

Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og Hylestad. Hylestad-eininga ligg på Nomeland og har tre avdelingar. Valle-eininga ligg i skuleområdet i Valle. Stillinga er for tida lagd til Valle-eininga. Ved behov må du kunne arbeide ved begge einingane. Du må òg kunne arbeide på småbarnsavdeling.

Begge barnehagane har flotte uteområde og natur i nærmiljøet som gir gode høve til leik, utforsking og turar gjennom året.

Arbeidsoppgåver

Ha medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen og årsplanen

Ivareta barna sitt behov for omsorg, tryggleik og gode relasjonar

Leggje til rette for inkluderande leik, medverknad og meistring i det daglege arbeidet

Bidra til eit nært og tillitsfullt samarbeid med føresette

Vere ein god rollemodell i møte med barn og vaksne

Bidra til fagleg utvikling og oppfølging av barnehagane sine satsingsområde

Bidra til eit trygt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette

Kvalifikasjonar

•Vi søkjer primært etter deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Søkjarar med anna relevant utdanning og/eller relevant erfaring frå arbeid med barn kan òg bli vurderte.
• Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå arbeid i barnehage, særleg med dei yngste barna
• Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
• Gode digitale ferdigheiter og evne til å nytte IKT-verktøy i planarbeid og dokumentasjon
• Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tilsetjing.
• Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved dokumentasjon på utdanninga.

Personlege eigenskapar
• Trygg, varm og tydeleg vaksen som møter barna med omsorg og nærvær
• Ser alle barn som verdifulle og set barna sine behov i første rekkje
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Arbeider sjølvstendig og målretta
• Løysingsorientert, positiv og engasjert
• Merksam på barna sine uttrykk og behov, og tilpassar støtta til kvart enkelt barn
• Tek medansvar for eit trygt og inkluderande fellesskap prega av respekt og open dialog
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Kva vi tilbyr

• Eit fagleg fellesskap med vekt på utvikling og samarbeid
• Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
• Løn etter gjeldande tariff
• Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
• Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
• Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
• Ei triveleg bygd å bu i

Viktig for søknaden din:

CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter

Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

Kontaktinformasjon
Cathrine Dvergsnes, Styrar, 41876397, cathrine.dvergsnes@valle.kommune.no

Arbeidsstad
Harstadvegen 69

4747 Valle

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5204131584

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 04.01.2027

Sluttdato: 08.08.2027

Søknadsfrist: 22.11.2026

Søk på stillingen »