Vikariat fagarbeider i skule og skulefritidsordning ved Høydalsmo skule
Oppvekst, Tokke kommune — TOKKE
Sted
TOKKE
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Søknadsfrist
22/11/2026

Høydalsmo skule har ledig vikariat på omlag 60% som fagarbeider frå 01.01 - 2027 og fram til 25.06 - 2027.
Høydalsmo skule er ein 1-10 skule med 60 elevar og om lag 14 årsverk for pedagogisk personale.
På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Dordi Didriksen, e-post: dordid@tokke.kommune.no eller mob.: 922 16 608

Arbeidsoppgåver
* Oppfølging og støtte av elevar i skuletida
* Deltaking i aktivitetar og leik i SFO
* Bidra til eit trygt og inkluderande miljø
* Samarbeid med lærarar, andre tilsette og føresette
* Praktiske oppgåver knytte til skule- og SFO-kvardagen
Kvalifikasjonar
* Godkjent barne - og ungdomsarbeider/andre med relevant fagbrev. Ufaglærte med erfaring kan også søkje.
* Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, slik at du kan kommunisere godt med elevar, føresette og kollegaer.
Personlege eigenskapar
* Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
* Vera engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg.
* Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringar.
* Vera ansvarsbevisst og sjølvstendig.
Vi tilbyr

Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.
* Eit godt arbeidsmiljø.
* Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar.
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Andre opplysningar:
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil vi nytte same søkjarliste.

Vi i Tokke kommune er opptekne av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Kontaktinformasjon
Tone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406

Arbeidsstad
Eidsborgvegen 1795

3891 Høydalsmo

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 5206542973

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 22.11.2026

Søk på stillingen »