PP-rådgivar
Klepp kommune, PPT — KLEPP
Sted
KLEPP
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
16/11/2026

Vil du vera med og skapa eit inkluderande fellesskap der barn og unge opplever meistring, trivsel og læring?

Klepp PPT søkjer ein engasjert og fagleg sterk pedagogisk-psykologisk rådgivar som ønskjer å gjera ein forskjell for barn og unge i barnehage og skule.
Vi er eit kompetent og utviklingsorientert fagmiljø som arbeider tett saman med barnehagar, skular, føresette og andre samarbeidspartnarar. Klepp PPT har eit særleg fokus på førebyggjande arbeid, tidleg innsats og inkluderande praksis. Vi arbeider både systemretta og individretta for å styrkja laget rundt barnet og bidra til gode oppvekst- og læringsmiljø.

PPT held til i gode lokale på Horpestad. Vi har eit fagleg positivt, støttande og kollegialt arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av tilsette med spesialiserte utdanningar. Vi søker etter ein engasjert, kunnskapsrik og endringskompetent PP- rådgivar til å supplere laget vårt.

Vi har ledig:

100 % fast stilling som PP-rådgivar frå 01.02.27.

60 % vikariat som PP-rådgivar frå 01.12.26 - 30.06.27 med moglegheit for utviding.

Kontaktinformasjon: Grethe Barane, leiar Klepp PPT, telefon 916 88657

Arbeidsoppgåver

System- og individretta arbeid i samsvar med mål for tenesta

Førebyggjande og tverrfagleg samarbeid i Klepp kommune

Rettleiing og rådgjeving til barnehagar og skular

Observasjon og kartlegging av barn/elevar

Samarbeid med føresette, barnehagar, skular og andre samarbeidspartnarar

Kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for barn og elevar

Aktiv deltaking i utviklinga av PPT og fagmiljøet

Sikre elevens medverknad i saker PPT er involvert i

Sakkunnig arbeid etter barnehage og opplæringslova

Samarbeide med, og støtte barnehagar og skular i, det førebyggjande arbeidet med å gi eit inkluderande opplæringstilbod til barn og elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

Mastergrad eller profesjonsutdanning innan pedagogikk, spesialpedagogikk, logopedi eller psykologi

Kjennskap til gjeldande lovverk og sakkunnig arbeid

God forståing for barnehage og skule som system

Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

God digital kompetanse

Erfaring frå PPT og systemretta arbeid er ein fordel.

Relevant test-kompetanse og rettleiingskompetanse

God norsk språkføring, både munnleg og skriftleg

For søkarar med anna utdanning enn norsk, krevst det språkkunnskapar tilsvarande nivå B2

PP-tenesta er i utvikling og endring, og vi vektlegg at søkar er fleksibel i forhold til endring av tenesta.

Søkjar må ha sertifikat klasse B og disponera eigen bil.

Kopi av attestar og vitnemål leggjast ved søknad.

Det må leggjast fram politiattest før oppstart i stilling

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein kollega som:

Er fagleg engasjert og utviklingsorientert

Har god system- og rolleforståing

Bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Er trygg, tydeleg og raus i møte med andre

At ein dekkjer sentrale oppgåver for PP-tenesta

At ein kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet

Evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert, løysingsorientert og effektivt

At ein må kunne arbeide i team, og samstundes vere sjølvstendig og målretta

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer

Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling

Fleksitid avtale

Løn etter gjeldande avtaleverk

Samarbeid i team og tverrfaglege miljø

Konkurransedyktig løn, forsikringsordningar og pensjonsordning i KLP, samt tillegg for disponering av eigen bil i tenesta

Kontaktinformasjon
Grethe Løvås Barane, leiar, +47 91688657

Arbeidsstad
Orrevegen 304

4352 Horpestad

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5203115732

Stillingsprosent: 100, 60%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 16.11.2026

Søk på stillingen »