Pedagogisk leiar - vikariat ved Giske barnehage
Giske kommune, Giske barnehage — GISKE
Sted
GISKE
Ansettelsesform
Vikariat · Deltid
Søknadsfrist
23/11/2026

Vi har ledig 60% stilling som pedagogisk leiar ved Giske barnehage frå 21.12.2026 til 31.03.2027, med moglegheit for forlenging.

Barnehagen har fire avdelingar med omlag 65 barn. Barnehagen ligg midt på øya Giske med si unike historie, rike kulturliv og flotte natur.
Vår visjon er «Saman i tryggleik og undring», og våre satsingsområde er livsmeistring, inkludering og språk. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.

I Giske barnehage ønsker vi at barna si læring skal vere heilskapleg og meiningsskapande. Arbeidsmåten vår er i stor grad prosjektbasert. Det vil blant anna seie at læring alltid skal henge saman med leik, omsorg og danning, og læringa bør ha ein relevans i forhold til den verda barna tilhøyrer og dei krav livet stiller dei ovanfor. Målet er å finne balansen mellom eit pedagogisk innhald som tek utgangspunkt i barnet som skapande og lærande subjekt, og den verkelegheita barnet tilhøyrar med dei fysiske, sosiale og kulturelle rammene det lever innanfor.

Vi arbeider pedagogisk og systematisk med planlegging-, dokumentasjon- og vurderingsarbeid, og vi arbeider kvar dag for å sikre god kvalitet gjennom godt utarbeidde prosedyre og planar.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Menn blir oppmoda om å søkje.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for å planlegge, gjennomføre og utvikle prosjekt i tråd med barnehagen sin årsplan og rammeplanen.

Ansvar for å leie og rettleie personalet.

Kvalifikasjonar

Barnehagelærarutdanning.

Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk.

God digital kompetanse.

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Evne og vilje til å vere ein motiverande og tydeleg leiar.

Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.

Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel.

Evne til å jobbe sjølvstendig med gode evner til samarbeid og leiing.

Løysings- og utviklingsorientert, og innstilt på tverrfagleg samarbeid.

Vi tilbyr

Utfordrande, variert og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø.

Fokus på tverrfagleg samarbeid.

Giske kommune har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde.

Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår og konkurransedyktig løn.

Kontaktinformasjon
Elias Martinus Valderhaug, einingsleiar, +47 91313027

Arbeidsstad
Bedehusvegen 5

6052 GISKE

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5205056885

Stillingsprosent: 60%

Vikar

Startdato: 21.12.2026

Sluttdato: 31.03.2027

Søknadsfrist: 23.11.2026

Søk på stillingen »