Sjukepleiar-100% fast
Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune — VINJE
Sted
VINJE
Ansettelsesform
Annet · Heltid
Søknadsfrist
18/11/2026

Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ein aktiv og innhaldsrik fritid?
I Heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter menneske i ulike livssituasjonar, byggjer relasjonar og får bruke heile breidda av sjukepleiarfaget. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag.

Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid.

Hos oss arbeider me tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine.
Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.

Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenter med opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen.

Stillinga inngår i årsturnus med dag-, kveld- og helgevakter Mulighet for langvakter.

Arbeidsoppgåver

Sjukepleiarfagleg oppfølging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta

Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen

Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem

Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar

Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta

Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet

Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, elevar og studentar ved behov

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Erfaring frå pleie- og omsorgstenesta er ein fordel

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

ønskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre

er fagleg nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare

samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert

trivst med ansvar og tek initiativ

møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet

har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing

Vi tilbyr

Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde

God opplæring og tett fagleg oppfølging

Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø

Moglegheit for fagleg utvikling, kurs og kompetanseheving

Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidsplass

Gode lønnsvilkår med lokal stige

God forsikrings- og pensjonsordning

Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon
Bjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553, bjorg.kasa.verpe@vinje.kommune.no

Arbeidsstad
Setali 6

3864 Rauland

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5205018971

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.11.2026

Søk på stillingen »