Prosjektstilling sjukepleiar
Herøy kommune, Avdeling for legetenester — HERØY (MØRE OG ROMSDAL)
Sted
HERØY (MØRE OG ROMSDAL)
Ansettelsesform
Engasjement · Deltid
Søknadsfrist
25/11/2026

Vi søker ein engasjert og dyktig sjukepleiar i vår prosjektstilling fordelt på Herøy og Myrvåg legesenter i frå første moglege dato. Vi ser etter deg som likar å jobbe med prosjekt og utvikling, og har gode samarbeidsevner. Prosjektet heiter: "Styrking av allmennlegetenesta i distriktskommuner."

Prosjektstillinga er ei deltidsstilling på 60%. Det kan leggast til rette for ein kombinasjon med 40% stilling i heimetenesta dersom søkar ønska det. Ei slik kombinasjonsstilling kan også være ein fordel sett opp mot målsetninga til prosjektet.

Målsetninga for prosjektet er å få betre samhandling mellom fastlegane, og samarbeidspartnarar, mest inn mot kommunal helseteneste, som til dømes heimetenesta. Kjennskap til arbeid ved legekontor og/eller heimesjukepleie vil vere ein fordel. I tillegg er det ønskeleg å få implementert gode rutinar for sjukepleiearbeid ved legesentera.

Arbeidsstad vil vere begge dei kommunale legekontora i kommuna, i tillegg til administrasjonstid for del som høyre til prosjekt.

Prosjektstillinga er i utgangspunktet treårig, med atterhald at tilskotet vert vidareført i statsbudsjettet. Tilsetting vert difor eitt år om gongen.

Herøy legesenter har faste legar i alle våre seks fastlegeheimlar. Av desse er fire ALIS-legar og to erfarne allmennlegar. Vi har også ein LIS1-lege og om hausten tek vi imot studentar frå NTNU Trondheim. Myrvåg legesenter har hatt stabile fastlegar over fleire år. I tillegg til LIS1, er her fire fastlegar, der alle legane er spesialistar i allmennmedisin.

Arbeidsoppgåver

Arbeidskvardagen hjå oss består av både kliniske og administrative oppgåver. Arbeidsoppgåvene vil variere gjennom dagen, og du vil samarbeide tett med både legar, sjukepleiar og helsesektrærar mellom anna med:

arbeid på laboratoriet, inkludert blodprøvetaking og analyser

vaksinering, injeksjoner og infusjoner

gjennomføre spirometri, audiometri og EKG

utføre sårbehandling

gi faglige råd og gjere vurdering av pasientar som tek kontakt på telefon og ved oppmøte

bistå lege i akutte situasjonar og ved utrykningar

delta i daglegevaktfunksjon

bistå ved småkirurgiske prosedyrer og utføre enkelte delegerte legeoppgåver

betene resepsjon og telefon

skanne og registrere epikriser og prøvesvar

utføre andre administrative oppgaver som høyrer til drifta av legekontoret

Administrative oppgåver:

lage prosjektprotokoll

lage gode samhandlingsrutiner

lage prosedyrer for sjukepleieroppgåver som kan delegerast av legane og takstast for

Kvalifikasjonar

er autorisert sjukepleiar

er sjølvstendig, strukturert og trygg i møte med pasientar

nytenkande

interessert og nysgjerring på endring og forbetring

kommuniserer godt på norsk eller anna skandinavisk språk

Personlege eigenskapar

trivst i rolla som sjukepleiar og likar pasientoppfølging

du har gode samarbeidsevne og likar å jobbe i saman med andre, men kan og jobbe sjølvstendig

du vil vere med å utvikle legetenesta i kommunen, og stiller gjerne opp og er til støtte for kollegaer

du ser verdien i å samarbeide med andre tenester, for å finne gode løysingar til det beste for pasientane

har jamt godt humør, er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

ein variert arbeidskvardag med både kliniske og administrative oppgåver

eit fagleg sterkt og erfarent kollegium

godt arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom legar, sjukepleiar og helsesekretærar

gode moglegheiter for faglig utvikling

gode pensjons- og forsikringsordninger gjennom KLP

arbeidstid på dagtid, kl. 08.00-16.00

Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon
Jan Magne Remøy, Kommuneoverlege, +47 47768084

Arbeidsstad
Eggesbøvegen 11

6092 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5194597252

Stillingsprosent: 60%

Engasjement

Startdato: 01.12.2026

Søknadsfrist: 25.11.2026

Søk på stillingen »