Inkluderende Arbeidsliv talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Inkluderende Arbeidsliv talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) » ia_stillinger » Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarb/hj.pleiar på natt

Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarb/hj.pleiar på natt

Heimetenesta, Gloppen kommune — GLOPPEN

Sted
GLOPPEN
Ansettelsesform
Fast · Deltid
Kategori
ia_stillinger
Søknadsfrist
22/11/2026

Er du sjukepleiar, verenpleiar eller helsefagarbeidar- og trivst best når andre har gått til ro?

Medan bygda søv, er vi på vegen. Vi køyrer gjennom mørke haustkveldar, vinterstormar og stille sommarnetter. Kanskje møter vi hjort i vegkanten, ein rev eller berre stjernehimmelen som selskap. Hjå oss får du litt av alt- og ingnen nattevakter er heilt like.

Vi søkjer deg som vil bli ein del av nattevaktslaget vårt i Gloppen heimeteneste.

Vi i heimetenesta har ledig 50 % fast stilling på natt, oppstart snarast.

Du blir ein del av eit nattevaktslag der de er to medarbeidaar på arbeid saman. De samarbeider, støttar kvarandre og sørgjer for at dei som treng hjelp i heimen sin, får trygge og gode tenester gjennom natta. Du må tivast med å ta ansvar, gjere faglege vurderingar og fine gode løysingar når situasjonar oppstår. Og, ja - du må vere komfortabel med å køyre bil i mørket, på smale vegar og i vestlandsver av alle slag.

Målet til heimesjukepleien er å bidra til at innbyggjarar i kommunen kan meistre livet sitt i heimen, og vi jobbar med fokus på kvardagsmeistring. Området strekk seg  rundt Gloppefjorden; frå Hestenesøyra - Sandane - Anda, til Breim.

Arbeidsoppgåver

Ivareta og gje omsorg og pleie til brukarar i
omsorgsbustadar og i heimane som personleg hygiene og ernæring.

Kveldsstell og morgonstell

Administrering av medisin

Betjene tryggleiksalarmar

Terminalpleie

Samarbeid med pasient og pårørande

Samarbeid med lege/legevakt

Kvalifikasjonar

Godkjent utdanning som sjukepleiar, evt vernepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

Har god fagleg forståing, er trygg i rolla som fagutdanna og kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.

Du bidreg til eit godt samarbeidsklima, er fleksibel og løysingsorientert.

Kan arbeide effektivt og samstundes levere god kvalitet på tenestene.

Kjennskap til kvardagsmeistring som metode.

Likar å køyre bil.

Vi ønskjer ein person med godt humør som trivast med utfordringar og varierte arbeidsoppgåver på natt.

Vi tilbyr

Lokalt tillegg på natt

Ei 50 % stilling på natt

Meir fleksibel kvardag med fleire fridagar (praktisk for dei som studerer eller ynskjer dag-/ettermiddagar til andre kjekke aktivitetar)

Trivlege kollegaer på vakt, du er ikkje åleine

En spennande og lærerik arbeidsplass

Ei arbeidstid der du får oppleve bygda frå ei litt anna side enn dei fleste

Meir ro og fokus til å utføre arbeidsoppgåvene utan mange avbrot frå telefonar og anna informasjonsformidling

Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande

Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Kjenner du deg freista? Vi lovar ikkje nordlys kvar natt, og hjorten held ikkje alltid avtalen sin om å dukke opp. Men vi kan love deg jobb der du betyr mykje for andre, får ansvar og blir ein del av eit viktig lag.

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601

Arbeidsstad
Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5202629067

Stillingsprosent: 70%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2026

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

Rådgiver planteområdet — Mattilsynet
Veterinær Sandeid/Ølen — Mattilsynet
Veterinær Førde — Mattilsynet
Lærer — Skolert As

IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) – ledige stillinger på følgende steder:

IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ARENDAL
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ASKER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BERGEN
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BODØ
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BÆRUM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i DRAMMEN
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i FREDRIKSTAD
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i KRISTIANSAND
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i LILLESTRØM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i MOLDE
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i OSLO
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SANDEFJORD
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SANDNES
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SARPSBORG
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i STAVANGER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TROMSØ
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TRONDHEIM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TØNSBERG
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ULLENSAKER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ÅLESUND
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter