Lege- vikariat
Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune — ØRSTA
Sted
ØRSTA
Ansettelsesform
Vikariat · Deltid
Søknadsfrist
20/11/2026

Ein av våre legar har permisjon og det er difor ledig 80 % vikariat for periode 01.01.-31.07.2027.

Stillinga er delt mellom 50 % på helsestasjon og 30 % på sjukeheim. Dersom du ønsker å søke på berre delar av stillinga, kan det vere mogleg å søke på 50 % helsestasjon eller 30 % sjukeheim, og kombinere dette med t.d. legevakt. Stillinga har ikkje legevaktsplikt, men det kan vere mogleg å gå legevakt dersom du sjølv ønsker det

Du kan få tellande både sjukeheims- og helsestasjonspraksis i ALIS-løpet dersom det er aktuelt for deg, sidan vi har både helsestasjon og sjukeheim som læringssarena i vår generelle utdanningsplan for ALIS

Legetenesta i Ørsta består elles av 15 fastlegar og to LIS1-stillingar som alle er lokaliserte ved Ørsta helsesenter, samt kommuneoverlege i 100 % stilling.
Du vil få høve til å delta på vekentlege møte på Ørsta helsesenter og slik vere ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune.

Helsestasjon/skulehelseteneste:

Arbeidet vil i hovudsak vere obligatoriske legekontrollar i samsvar med helsestasjonsprogrammet. I tillegg deltek ein på helsestasjon for ungdom (HFU) og har ansvar for legedelen av førsteklassekonsultasjonane.

Legen samarbeidar både med helsesjukepleiarane som har helsestasjon 0-5 år og dei som har skulehelseteneste.

Legen kan også ha enkelte konsultasjonar for barn som kjem som flyktningar. Det kan også verte aktuelt med oppfølging av flyktningar i samband med helseundersøkinga som dei får tilbod om.

Helsestasjonen har om lag 11 årsverk fordelt på 15 tilsette: avdelingsleiar, jordmor, kommunepsykolog, merkantil ressurs og helsesjukepleiarar.Fysioterapeut er knytt til helsestasjonen for barn 0-5 år i 20 % stilling.

Ørsta er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og vi er godt i gang med implementering av denne måten å jobbe systematisk og tverrfagleg rundt barn og familiar.
Helsestasjonen er lokalisert i same bygg som ergo, fysio, friskliv og Ørsta helsesenter(fastlegane).

Sjukeheim:

Kommunen har to sjukeheimslegestillingar. I tillegg til denne som er utlyst, er det 90 % stilling ved Ørstaheimen.

Arbeidstida er fordelt med ein fast dag i veka ved Hjørundfjordheimen på Sæbø og ein halv fast dag i veka ved Vartdal Helsetun på Vartdal.
Det kan vurderast ei anna fordeling av arbeidstida dersom dette er meir føremålstenleg.

Arbeidsoppgåver

Helsestasjon:

legeoppgåver ved helsestasjon og HFU

du kan inngå i fleire team på hesestasjonen (skuleteam, helsestasjonsteam)

enkelte førstegongskontrollar for barn som kjem som flyktningar

Sjukeheim:

tilsynslegeoppgåver ved Vartdal helsetun og Hjørundfjorheimen på Sæbø

Kvalifikasjonar

du oppfyller krava i Forskrift om kompetansekrav for leger

du uttrykker deg godt på norsk både munnleg og skriftleg

det er krav om godkjend politiattest

du har førarkort, klasse B og kan disponere eigen bil i teneste

Personlege eigenskapar

Vi søker etter ein lege som

likar å jobbe både sjølvstendig og samarbeide med andre

skaper gode relasjonar til born, eldre, føresette og pårørande

er opptatt av fagutvikling

har interesse både for forebyggande oppgåver og helseutfordringar hjå eldre

er fleksibel

snarleg tilsetting vil verte prioritert

Vi tilbyr

godt legefellesskap der du har høve til å delta på vekentlege møte saman med fastlegane

dyktige kollegaer både på helsestasjonen og på sjukeheimane

Spennande utfordringar og ein variert arbeidskvardag

Arbeidstid på dagtid med fleksitidsordning

Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP

Løn etter avtale

Kontaktinformasjon
Camilla Nupen, avdelingsleiar, 90075316, camilla.nupen@orsta.kommune.no

Runa Bakke, Tenesteleiar, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.no

Arbeidsstad
Håkonsgata 78

6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5204411880

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Søknadsfrist: 20.11.2026

Søk på stillingen »