Økonomirådgjevar
Sveio kommune — SVEIO
Sted
SVEIO
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
30/11/2026

Om stillinga

Sveio kommune søkjer ein økonomirådgjevar som ser samanhengar og omset tal til innsikt. Du får ei sjølvstendig og sentral rolle i budsjett-, analyse- og rapporteringsarbeidet, med hovudvekt på oppvekstområdet og oppgåver også innan helse. I tett samarbeid med kommunalsjefen for oppvekst og for helse skal du bidra til heilskapleg økonomisk oversikt og gode avgjerdsgrunnlag for leiinga.

Oppvekstområdet i Sveio omfattar to kommunale- og tre private barnehagar, fem skular, Barn og familie eining og eit kultursenter. Dette er tenester som betyr mykje for barn, unge og familiar i kommunen.

Gjennom faglege vurderingar og råd skal du støtta leiinga i økonomisk oppfølging og prioriteringar. Her får du kombinera sjølvstendig fagleg arbeid med tett samarbeid – og bruka økonomikompetansen din til å skapa gode rammer for viktige tenester til innbyggjarane.

Arbeidsoppgåver

Ha medansvar for budsjett, rekneskap, rapportering og prosjektoppfølging.

Bidra med analysar og delta i prosjekt og politisk sakshandsaming innan kommunal forvaltning.

Arbeida med ressurs- og rammetildeling til den enkelte barnehage og skule.

Ha medansvar for rapportering i GSI og BASIL.

Berekna tilskot til private barnehagar.

Gi økonomifagleg støtte og rettleiing til einingsleiarane.

Kvalifikasjonar

Minimum 3 årig høgskuleutdanning innan økonomi.

Anna relevant utdanning kombinert med praksis kan vera aktuelt.

Relevant arbeidserfaring innan dei aktuelle arbeidsområda er ein fordel.

Kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og avtaleverk innan områda oppvekst og helse er ein fordel.

Gode digitale ferdigheiter, kompetanse i avansert bruk av Excel og kjennskap til økonomi- og HR-system.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Nynorsk er skriftspråket i Sveio kommune.

Personlege eigenskapar

Du samarbeider godt med andre og arbeider sjølvstendig.

Du arbeider strukturert, nøyaktig og målretta.

Du har gode analytiske evner og omset økonomisk informasjon til forståelege vurderingar og råd.

Du tek initiativ og finn løysingar i samarbeid med andre.

Du prioriterer oppgåver og held oversikt, også i periodar med høgt arbeidstempo.

Vi tilbyr

Utfordrande og lærerike arbeidsoppgåver i eit engasjert arbeidsfellesskap med høg fagleg kompetanse.

Høve til å påverka og vidareutvikla det økonomifaglege arbeidet innan oppvekst og helse.

Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søk på stillingen »