Reinhaldar 100 % vikariat
Hjelmeland kommune Renhold — HJELMELAND
Sted
HJELMELAND
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Søknadsfrist
08/11/2026

Likar du å jobbe med reinhald og bidra til reine og trivelege omgjevnader?Er du nøye og opptatt av å gjere ein god jobb? Då kan det vere deg me ser etter!
Me har eit ledig vikariat i 100 % som reinhaldar i perioden 01.01.2027 - 31.10.2027. Me søkjer deg som er dyktig, engasjert og pliktoppfyllande, og som ønskjer å bidra til reine og gode arbeids- og opphaldsmiljø.

Ansvar og arbeidsoppgåver
- generelt reinhald av kommunale bygg

Kvalifikasjonar og vilkår
- fagbrev som reinhaldsoperatør er eit ønskje, men ikkje eit krav
- førarkort klasse B er ønskjeleg
- du har ikkje fast oppmøteplass
- nivå A1 for norsk skriftleg og nivå B1 for norsk munnleg

Me søkjer etter ein person som
- har gode samarbeidsevner
- har høyt arbeidstempo
- er fleksibel
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Personleg eigenskap og erfaring vil bli vektlagt ved tilsetting.

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- triveleg arbeidsmiljø
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen »