Eigedomsforvaltning. Tilsetjing i inntil 100% fast stilling byggdriftar/vaktmeister frå snarast
Gulen kommune — GULEN
Sted
GULEN
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
15/11/2026

Om stillinga

Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som byggdriftar/vaktmeister, med oppstart snarast/etter avtale. Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, kor me har 22,6 årsverk som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg/samferdsel, vatn og avløp, samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta.

Stillinga har oppmøtestad ved Dalsøyra skule, men heile kommunen kan vere arbeidsområde gjennom dagen. Me ser etter ein dyktig byggdrifter/vaktmeister som trivast med fysiske arbeidsoppgåver, samt samarbeidar godt i lag med fleire, er løysingsorientert i oppgåvehandtering, pliktoppfyllande og som vert motivert av å jobbe med driftsoppgåve med eit samfunnsnyttig føremål. Dersom du har interesse for fagleg utvikling innanfor ditt felt og ynskjer å drifte våre anlegg med god kvalitet, ynskjer me å høyre frå deg.

Arbeidsoppgåver

Drift- og vedlikehaldsoppgåver i hovudsak på kommunale bygg og uteområde

Driftsoppgåver på andre fagområder på eininga kan vere aktuelt å delta på

Utføre eigne vedlikehaldsoppgåver, samt ha dialog med eksterne firma

Internkontrollar og avviksrapportering/utbetringar

Bruke driftssystem som SD-anlegg og FDV-system

Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar

Fagbrev innanfor relevant fagområde (byggdriftar, røyrleggar, tømrar, elektro, mekanisk, anleggsgartnar o.l.)

Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning

Ynskjeleg med relevant arbeidserfaring frå arbeidslivet

Har grunnleggande datakunnskapar

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Krav om førarkort kl B

Det vert stilt krav om gyldig politiattest av den som får tilbod om denne stillinga

Personlege eigenskapar

Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillingar

Kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre

Er strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet

Er løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt

Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar

Er initiativrik og likar å halda seg fagleg oppdatert

Trivst med fysisk arbeid

Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar

For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest

Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen

Søk på stillingen »