Utbyggingsleiar
Teknisk drift og infrastruktur, Vinje kommune — VINJE
Sted
VINJE
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
08/11/2026

Vinje kommune står framfor fleire spennande og omfattande utbyggingsprosjekt og søkjer difor ein utbyggingsleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er organisert i tenesteområdet Teknisk drift og infrastruktur (TDI) og rapporterer til kommunalsjef TDI.

Utbyggingsleiaren vil ha det overordna ansvaret for kommunen si prosjektportefølje innan byggje- og anleggsprosjekt, og spele ei sentral rolle i planlegging, styring og gjennomføring av prosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling.

Teknisk drift og infrastruktur er ei sentral eining i kommunen og har ansvar for drift, vedlikehald og forvaltning av mellom anna veg, vatn, avløp og kommunale bygg. Eininga har òg ansvar for prosjekt- og byggjeleiing av kommunen sine investeringsprosjekt innan desse fagområda. Prosjekta spenner frå mindre vedlikehalds- og rehabiliteringstiltak til større og komplekse utbyggingar, som til dømes skulebygg, helsebygg, vassverk, avløpsanlegg og veganlegg. Utbyggingsleiaren vil vere ein sentral pådrivar for å sikre god framdrift, kvalitet, økonomistyring og måloppnåing i prosjekta.

Arbeidsoppgåver

Leie og koordinere kommunale bygge- og anleggsprosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling.

Vere byggherre sin representant i gjennomføringa av prosjekt.

Planlegge og fylgje opp prosjekt i høve framdrift, økonomi, kvalitet og HMS.

Utarbeide og fylgje opp konkurransegrunnlag, anbod og kontrakter i tråd med gjeldande regelverk.

Leie og koordinere prosjekteringsarbeid i samarbeid med rådgjeverar, brukarar og andre relevante aktørar.

Utarbeiding av politiske saker, og rapportering til administrativ og politisk leiing.

Delta i budsjett- og økonomiplanarbeid knytt til investeringsprosjekt.

Delta i utvikling og oppfølging av kommunen si investeringsportefølje.

Oppgåver knytt til drift og forvaltning innanfor tenesteområda kan òg inngå i stillinga.

Kvalifikasjonar

Ingeniørutdanning frå høgskule eller universitet innan bygg eller andre relevant fagområde.

Erfaring frå prosjektleiing og byggjeleiing.

God forståing for økonomistyring, kontraktsoppfølging og prosjektgjennomføring.

Erfaring frå prosjektering er ynskjeleg.

Personlege eigenskapar

Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.

Gode samarbeidsevner og evne til å skape resultat i samhandling med andre.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vi tilbyr

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer

Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen

Løn etter avtale og kvalifikasjonar. Stillinga er plassert i HTA kapittel 5.

Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene

Gode barnehagetilbod

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk.

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju

Kontaktinformasjon
Kjetil Midtgarden Vaagen, Kommunalsjef teknisk drift og infrastruktur, 41447411, kjetil.vaagen@vinje.kommune.no

Arbeidsstad
Vinjevegen 192

3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5188305885

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.11.2026

Søk på stillingen »