Inkluderende Arbeidsliv talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Inkluderende Arbeidsliv talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) » ia_stillinger » Barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO

Barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO

Eidet skule, Haram kommune — HARAM

Sted
HARAM
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Kategori
ia_stillinger
Søknadsfrist
08/11/2026
Har du lyst å vere med og arbeide som barne- og ungdomsarbeidar på Eidet skule og SFO i Haram kommune? Vi har ledig eit 100% årsvikariat grunna fødselspermisjon frå 01.01. til 31.12.2027. Stillinga følgjer vanleg arbeidsår. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord, ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med iPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.

Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Visjonen til Eidet skule er "Eigne steg, felles veg". Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.

I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelt barn

Gje barn positiv oppfølging og støtte

Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov

Rettleie barn i leik og aktivitetar

Leggje til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO

Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid

Samarbeide med skulen sine tilsette

Samarbeide med andre faginstansar ved behov

Kvalifikasjonar

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning/erfaring

Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage

Beherske norsk godt både skriftleg og munnleg

Godkjent politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar

Likar å arbeide med barn og unge og spesielt dei som treng ekstra støtte

God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn

Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre

Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ

Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar

Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer

Positiv og godt humør

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

Ei spanande stilling der du kan gjere ein positiv skilnad i barn sine liv

Ny og moderne skule og SFO

Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø

Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt

Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale

God pensjonsordning

Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andré.lukkedal@haram.kommune.no

Arbeidsstad
Vatnevegen 41

6265 VATNE

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5197928185

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.01.2027

Sluttdato: 31.12.2027

Søknadsfrist: 08.11.2026

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

UX- og Interaksjonsdesigner — Statsforvalterens fellestjenester
Miljøarbeider EMA — Fosnavåg EMA
Selger — Scandinavian Photo, Tech Hall
PP-rådgivar — Klepp kommune, PPT

IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) – ledige stillinger på følgende steder:

IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ASKER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BERGEN
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BODØ
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BÆRUM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i DRAMMEN
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i FREDRIKSTAD
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i KRISTIANSAND
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i LILLESTRØM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i MOLDE
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i NORDRE FOLLO
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i OSLO
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SANDEFJORD
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SANDNES
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SARPSBORG
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i STAVANGER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TROMSØ
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TRONDHEIM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TØNSBERG
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ULLENSAKER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ÅLESUND
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter