Inkluderende Arbeidsliv talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Inkluderende Arbeidsliv talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) » ia_stillinger » Miljøterapeut

Miljøterapeut

Bufetat — BERGEN

Sted
BERGEN
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Kategori
ia_stillinger
Søknadsfrist
08/11/2026

Om stillinga og arbeidsstaden

Bergen Akuttsenter avdeling Toppe søkjer etter fagleg kvalifisert miljøterapeut

2 x 100 % stilling som miljøterapeut

Alle i 100 % stilling jobber for tida i ein to-delt turnus, med arbeid kvar tredje helg. Kvar sjette helg jobbar ein langvaktar.

Det kan bli aktuelt med vikariat.

Bergen Akuttsenter avdeling Toppe tek imot ungdom etter barnevernlova § 4-4. Avdelinga ivaretek akuttfunksjonen for ungdom i alderen 13-18 år i Vestland. Vi har 5+1 plassar fordelt på 2 boeiningar.

På insitusjonen er kvardagen i avdelinga prega av hyppige nye inntak av ungdom som er i krise, og med store variasjonar i problematikk. Det kan vere bakgrunn, åtferd, psykisk fungering og omsorgsbehov. Det vil kunne vere krav til å kartlegge fleire faktorar på kort tid, samt det å begynne arbeidet med å skape ei utvikling hjå ungdomen og deira familie.

Arbeidsoppgåver

Som hovedkontakt i ein 100% stilling vil du ha koordineringsansvar for ungdom på institusjonen, kartlegging og rapportskriving i samarbeid med fagkoordinator og leiing.

Miljøterapeutisk arbeid med ungdom med fokus på traumesensitiv tilnærming og krisehåndtering.

Dagleg omsorg og oppfølging av ungdom.

Ta imot nye ungdomar.

Dokumentasjonsansvar.

Praktiske oppgåver i avdelinga.

Kvardagen er prega av hyppige nye inntak av ungdom som kan befinne seg i ein krise og med store variasjonar i problematikk. Dette kan vere bakgrunn, åtferd, psykisk fungering og omsorgsbehov, krav til å kartlegge fleire faktorar på kort tid, samt det å begynna arbeidet med å skape ei utvikling hjå ungdomen og deira familie.

Kva bakgrunn har du?

Du som søkjar må ha fullført minimum treårig relevant høgskuleutdanning, gjennomført bachelor eller tilsvarande 180 studiepoeng.

For tilsetting i stillingskode 1494, 1495 og 1508 krev vi fullført utdanning som sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar.

Søkjarar utan bachelor med dokumentert tre års erfaring frå barnevernsinsititusjon og målgruppa vil kunne bli vurdert til stillingane.

Du har gode munnlege og skriftlege norskkunskapar.

Du har rettleiingskompetanse.

Du har sertifikat klasse B.

Det er ønskeleg at du har:

Erfaring frå arbeid med ungdom på institusjon.

Kjennskap til lov om barnevern.

Kjennskap til traumebevisst omsorg.

Personlege eigenskapar

Me treng fleksible, tydelege, reflekterte og trygge ansatte som tåler å stå i smerteuttrykk og tidvis høgt tempo.

Me ønskjer kolleger med klare haldningar som vil framstå som gode rollemodellar for ungdomane.

Me legg vekt på personlege eigenskapar som å vere sjølvstendig, ansvarleg, påliteleg, åpen og samarbeidsvillig.

Me legg også vekt på engasjement, initiativ og interesse for ungdomane.

For oss på Bergen Akuttsenter er det også viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.

Kva får du hos oss?

Hos oss får du først og fremst mogleigheit til å være ein trygg og vaksen for ungdom som treng det i en vanskeleg livsfase.

Du får jobbe i eit hektisk og dynamisk miljø saman med erfarne, positive og engasjerte kolleger med høg fagkompetanse.

Me har eit godt arbeidsmiljø med takhøgde, og me gler oss til å få fleire med på laget som kan bidra med nye idear og eigenskapar.

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1495 sosionom, 1508 vernepleiar og 1489 miljøterapeut, p.t. kr. 490 000 - 640 000 pr.år.

Ved relevant videreutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr. 540 000- 690 000 pr. år, master og klinisk spesialist kr. 548 600 - 690 000 pr.år.

Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr. 580 000 - 690 000 pr.år.

For søkjarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, p.t. kr 420 000 - 530 000 pr. år, 1203 fagarbeidar, p.t kr. 440 400 - 540 000 pr.år, eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr. 460 000 - 560 000 pr. år.

Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber er god tjenestepensjonsordning, mogleigheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade-og gruppelivsforsikring.

I tillegg kan me tilby:

Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.

Du får vere med på å løfte oss slik at me kan gje ungdom og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Opplysningar til deg som søkjar

Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.

Stillinga er for tida lagd til Bergen Akuttsenter avdeling Toppe.

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.

Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.

Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.

Prøvetid i samsvar med statsansattelova.

Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ber deg om å legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

UX- og Interaksjonsdesigner — Statsforvalterens fellestjenester
Miljøarbeider EMA — Fosnavåg EMA
Selger — Scandinavian Photo, Tech Hall
PP-rådgivar — Klepp kommune, PPT

IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) – ledige stillinger på følgende steder:

IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ASKER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BERGEN
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BODØ
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BÆRUM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i DRAMMEN
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i FREDRIKSTAD
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i KRISTIANSAND
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i LILLESTRØM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i MOLDE
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i NORDRE FOLLO
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i OSLO
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SANDEFJORD
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SANDNES
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SARPSBORG
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i STAVANGER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TROMSØ
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TRONDHEIM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TØNSBERG
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ULLENSAKER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ÅLESUND
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter