Kommunikasjonsrådgivar - vikariat
Statsforvalteren i Rogaland — STAVANGER
Sted
STAVANGER
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Søknadsfrist
16/11/2026

Vil du bruke kommunikasjonskompetansen din til å ta vare på villrein og sårbar natur?

Kommunikasjonsrådgivar sårbar natur og villrein

Om avdelinga og fagområdet

Miljøvernavdelinga har ledig vikariat som kommunikasjonsrådgivar.
Vi er på jakt etter deg som er interessert i natur og forstår korleis kommunikasjon kan bidra til å ta vare på villreinen og naturen vår.
Du har erfaring frå praktisk kommunikasjonsarbeid og er oppteken av å samordne bodskap og innhald på tvers av kanalar. Du likar å jobbe med folk og i nettverk med mange aktørar.
Stillinga er knytt til Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) landskapsvernområde, Lysefjorden og Jærstrendene. Du vil få ansvar for å bidra til utviklinga av ein felles nasjonal kommunikasjonsstrategi for villrein og verneområde.
I stillinga blir du ein del av eit større fagmiljø med dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Du vil jobbe med fagfolk innan naturforvalting og kommunikasjon i embetet vårt, og på tvers av geografi og forvaltningsnivå.
Arbeidsstaden er Statens Hus i Stavanger. Stillinga høyrer til fagområde natur ved miljøvernavdelinga.

Arbeidsoppgåver

Du vil mellom anna:

Identifisere kommunikasjonsbehov i samarbeid med verneområdestyre og verneområdeforvaltninga, og planlegge, koordinere og gjennomføre relevante kommunikasjonstiltak

Bidra til gjennomføring av tiltak knytt til villrein, verneområder og ferdsel

Bidra til samordna, kunnskapsbasert og målretta kommunikasjon mellom relevante aktørar

Sikre ein heilskapleg og samordna kommunikasjon om villrein og verneområda

Delta i arbeid som krev noko reising og uteaktivitet, t. d. faglege nettverk, samlingar og samarbeidsarenaer

Kvalifikasjonskrav

Kommunikasjonsfagleg utdanning på minimum bachelornivå (relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet)

Gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg formidling, både på norsk og engelsk

Erfaring med mediearbeid, nettarbeid og sosiale medium

Det er ein fordel om du også har:

Ferdigheiter innan foto- og filmproduksjon

Interesse for natur og friluftsliv

Erfaring frå offentleg forvaltning

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

samarbeider godt og byggjer gode relasjonar

er strukturert, sjølvstendig og løysningsorientert

har ein trygg og tydeleg kommunikasjon

trivst med varierte oppgåver og ansvar

Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

lønn som rådgivar/seniorrådgivar, kr 620 000 - kr 750 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast

god pensjonsordning (det blir trekt 2 % pensjonsinnskot frå lønna), gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Les meir om ansatt godane på spk.no/medlemskap-i-spk

fleksibel arbeidstid og gode arbeidsvilkår i staten

moglegheit for fagleg utvikling og kompetansebygging

triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger

HjemJobbHjem-ordning

Det er 6 månaders prøvetid.

Mangfold og inkludering

Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn. Vi legg til rette ved behov.

Slik søker du

Alle som søkjer stillinga, må søkje digitalt gjennom vår karriereside. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søkandsfristen har gått ut. Dersom du ønskjer å reservere deg mot oppføring på den offentleg søkjerlista, må dette grunngjevast. Du vil få varsel dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.

Om Statsforvaltaren i Rogaland

Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket. Gjennom tilsyn,

rettleiing og dialog følgjer vi opp Stortingets og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer

i Rogaland. Ei sentral oppgåve er å ta vare på rettstryggleiken til innbyggjarane og vere

klageinstans for kommunale vedtak. Statsforvalteren er tillagd ei rekkje oppgåver frå

departement, direktorat og tilsyn. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle

og effektivisere statlege verksemd i fylket.

Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftsmåla på våre fagområde

og skal, som ein del av arbeidet vårt, formidle relevant kunnskap til andre aktørar i

regionen.

Statsforvaltaren har oppgåver innanfor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse,

beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planarbeid.

Embetet har ca 200 tilsette.

Tilleggsinformasjon

Kontaktpersonar:

Ørjan Simonsen, ass. fylkesmiljøvernsjef - Telefon: 456 93 282 - E-post: orjan.simonsen@statsforvalteren.no

Cathrine Stabel Eltervåg, fylkesmiljøvernsjef - Telefon: 986 76 987 - E-post: cathrine.eltervag@statsforvalteren.no

Søknadsfrist: 16.11.2026

Søk på stillingen »