Inkluderende Arbeidsliv talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Inkluderende Arbeidsliv talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) » ia_stillinger » Vernepleiar - 100 % fast stilling

Vernepleiar - 100 % fast stilling

Svingen/Reini, Vinje kommune — VINJE

Sted
VINJE
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Kategori
ia_stillinger
Søknadsfrist
05/11/2026

Hos oss får du mentor, fagleg utvikling og ein jobb som betyr noko!

Ved Svingen og Reini bufellesskap søkjer me ein engasjert vernepleiar som vil vere med å skape gode og meiningsfulle dagar for menneske med ulike funksjonsnedsettingar.

Er du nyutdanna, eller har du nokre års erfaring skal du ikkje stå åleine hos oss. Som nytilsett får du ein eigen mentor som følgjer deg opp gjennom det fyrste året. Du får støtte, rettleiing og tid til å bli trygg i rolla, slik at du kan utvikle deg fagleg og kjenne meistring i arbeidskvardagen

Me legg til rette for fagleg utvikling og kompetanseheving, tilbyr turnus med arbeid kvar fjerde helg, og eit årleg rekrutteringstillegg på kr 48 000 for vernepleierar i 100% stilling.

Svingen og Reini er moderne bufellesskap med gode fellesareal både ute og inne. Her bur det til saman 15 bebuerar med ulike behov for støtte og oppfølging, Du blir del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø der kollegaer samarbeider for å skape gode tenester og meiningsfulle kvardagar for den enkelte.

Me er opptekne av fag, samarbeid og bruk av velferdsteknologi. Samstundes legg me vekt på å ta vare på kvarandre, og du vil møte engasjerte kollegaer som deler kunnskap, erfaringar og godt humør

Arbeidskvardagen er variert, utfordrande og meiningsfull. Du får høve til å bruke både fagkompetansen din og eigne styrkar til  å bidra til meistring, sjølvstende og livskvalitet for bebuarane våre.

Vil du ha ein jobb der du lærer mykje, får gode folk rundt deg og kjenner at det du gjer betyr noko? Då håpar me du søkjer!

Arbeidsoppgåver

Arbeide målretta miljøterapeutisk for å styrkje meistring, sjølvstende og livskvalitet.

Følgje opp bebuarane si psykiske og fysiske helse.

Samarbeide tett med pårørande, verje og andre fagpersonar.

Koordinere tenester og bidra til god samhandling rundt den enkelte bebuaren.

Utarbeide, følgje opp og evaluere vedtak og tiltak.

Ha ansvarsvaktfunksjon.

Rettleie kollegaer og bidra til fagleg utvikling i personalgruppa.

Delta i legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar.

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som vernepleiar.

Søkjarar med anna relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning er også velkomne til å søkje.

Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Du er trygg i møte med menneske, byggjer gode relasjonar og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.

Du tek ansvar og arbeider strukturert.

Du samarbeider godt med kollegaer, pårørande og andre samarbeidspartnarar.

Du er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til utvikling og gode tenester.

Vi tilbyr

Me har lokal avlønning over KS garantiløn + rekrutteringstillegg på kr 48.000 for vernepleierar i 100% stilling

Mentorordning gjennom det første året med oppfølging, rettleiing og støtte frå ein erfaren kollega.

Gode moglegheiter for kompetanseheving.

Moglegheit for sletting av studielån dersom du bur i Vinje kommune. Les meir på lanekassen.no

Engasjerte kollegaer som ynskjer at du skal lykkast.

Turnus med arbeid kvar fjerde helg.

Gode velferdsordningar med tilbod om bading og trening i kommunale anlegg.

Aktivitetskortordning med gåvekort og moglegheit til å vinne flotte premiar.

Gode forsikrings- og pensjonsordninga.

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon
Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no

Arbeidsstad
Åmotvegen 2

3890  Vinje

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5195119034

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.12.2026

Søknadsfrist: 05.11.2026

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

UX- og Interaksjonsdesigner — Statsforvalterens fellestjenester
Miljøarbeider EMA — Fosnavåg EMA
Selger — Scandinavian Photo, Tech Hall
PP-rådgivar — Klepp kommune, PPT

IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) – ledige stillinger på følgende steder:

IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ASKER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BERGEN
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BODØ
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i BÆRUM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i DRAMMEN
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i FREDRIKSTAD
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i KRISTIANSAND
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i LILLESTRØM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i MOLDE
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i NORDRE FOLLO
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i OSLO
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SANDEFJORD
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SANDNES
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i SARPSBORG
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i STAVANGER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TROMSØ
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TRONDHEIM
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i TØNSBERG
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ULLENSAKER
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) i ÅLESUND
IA-stillinger (inkluderende arbeidsliv) – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter