Tilkallingsvikarar ved bu og miljøtenester
Aurland kommune — AURLAND
Sted
AURLAND
Ansettelsesform
Vikariat · Deltid
Søknadsfrist
18/09/2027

Om stillinga

Vil du gjere ein forskjell? Me treng tilkallingsvikarar i bu og miljø!

Er du engasjert, omsorgsfull, og ynskjer å bidra til ein meiningsfull kvardag for andre? Då kan dette vere jobben for deg!

Om oss:
Vi tilbyr tenester til personar med nedsett funksjonsevne gjennom bufellesskap, avlastning og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Tenestemottakarane våre har ulike behov for hjelp i kvardagen, og me jobbar for å sikre at dei er delaktige i eige liv. Målet vårt er å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for kvar enkelt brukar.

Vi ser etter deg som:

Er omsorgsfull og tolmodig

Har godt humør og evne til å skape gode relasjonar

Kan arbeide fleksibelt, også på kveld, natt, helg med langvakter og døgnvakter

Er open for ein gjevande og meiningsfull jobb, til dømes studentar eller andre med ledig tid

Arbeid og ansvarsområde

Avdelinga yter tenester til menneske med utviklingshemming, andre kognitive funksjonsnedsettingar og til personar med rus- og eller psykiske lidingar.

Me gir tenester i omsorgsbustader med heildøgns bemanning, praktisk bistand i heimen til brukarane, eller som brukarstyrt assistanseordningar (BPA i brukar sin heim).

Tenestemottakarane har av ulik grad av behov for bistand i kvardagen. Me jobbar for å legge til rette for at brukaren er delaktig i eige liv i tillegg til å skape ein meiningsfull kvardag for den enkelte.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

støtte bebuar til ein aktiv og sosial kvardag

hjelpe til med daglege gjeremål

legge tilrette for ein god og meiningsfull kvardag.

Me tilbyr

bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum

gode pensjons- og forsikringsordningar

løn etter tariff

personleg assistent blir løna etter relevant utdanning

startløn etter 6 års ansiennitet for søkarar med fagbrev / høgskuleutdanning

ekstra laurdags- og søndagstillegg med kr 10 over tariff

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI
Kvalifikasjonar

Fagbrev som helsefagarbeidar eller anna helsefagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.

Du kan søke sjølv om du ikkje har relevant erfaring eller fagbrev, det viktigaste er at du har lyst til å jobbe med menneske og er eigna for oppgåvene.

Du er ein trygg og positiv person som samarbeider godt med andre, og som bidreg til trivsel og tryggleik for brukarar og kollegaer.

Personlege eigenskapar

Me vil legge vekt på desse personlege eigenskapane:

imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar

trygg på deg sjølv, ansvarsfull og tolmodig

fleksibel og løysningsorientert

Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.

Løns- og tilsetjingsvilkår

tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale

krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato

Det ynskjeleg med førarkort klasse B.

Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg minimum på B2 nivå. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Søk på stillingen »