Fritidskontakt, privat avlastar eller miljøarbeidar
Barne- og familietenesta — BØMLO
Sted
BØMLO
Ansettelsesform
Annet · Deltid
Søknadsfrist
18/11/2026

Vil du gjere ein skilnad for barn og unge med særskilde behov?

Bømlo kommune søkjer trygge og engasjerte personer som ønskjer å bidra i kvardagen til barn og unge som har behov for støtte, aktivitet eller avlastning.

Dette er små stillingar og oppdrag som kan passe godt ved sidan av studiar, skule, anna arbeid eller for deg som har litt tid til overs – men først og fremst er det ei moglegheit til å vere ein viktig person i eit barn eller ein ungdom sitt liv.

Me tek imot søknader fortløpande og ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

Som fritidskontakt, privat avlastar eller miljøarbeidar kan du mellom anna:

Vere med på fritidsaktivitetar og skape gode opplevingar.

Bidra til ein trygg og meiningsfull kvardag.

Gi avlasting til familiar.

Støtte utvikling, meistring og sosial deltaking.

Oppdraga vert tilpassa det enkelte barnet og familien, og vert avtalt i tett samarbeid med sosiale tenester barn og unge i Barne og Familietenesta.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

Me oppmodar deg som er 16 år eller eldre til å søkje. Søkjarar over 18 år med førarkort for bil vil bli prioriterte.

Relevant erfaring eller utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav - personleg eignaheit er det viktigaste.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

Er trygg, omsorgsfull og til å stole på.

Har lyst til å vere saman med og bety noko for barn og unge.

Er fleksibel, ansvarsbevisst og positiv.

Kommuniserer og samarbeider godt med barnet/ungdommen, familien og tenesta.

I vurderinga av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.

Me tilbyr

Eit meiningsfullt oppdrag der du verkeleg gjer ein skilnad.

Rettleiing og støtte undervegs.

Løn etter gjeldande avtalar.

Fleksible oppdrag som kan tilpassast din kvardag.

Andre opplysingar

Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4a / § 5.4.
Utlysinga omfattar ulike typar oppdrag og stillingar. Avtaleform og vilkår vert avklarte konkret før oppstart.

Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Gro Marita.

Kontaktinformasjon
Gro Marita Våge Tulloch, Avdelingsleiar ved sosiale tenester barn og unge, 468 92 130

Arbeidsstad
Leirdalen 1

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5147211053

Stillingsprosent: 10%

Engasjement

Søknadsfrist: 18.11.2026

Søk på stillingen »