Sjukepleiar - 100 % Såta bu- og servicesenter
Alver kommune — ALVER
Sted
ALVER
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
20/10/2027

Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter

Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som nettopp har utvida med 13 plassar? Då søkar vi etter deg! Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg som en prøve. Vi har årsturnus.

Hos oss jobbar det også helsefagarbeidarar og pleieassistentar.

Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning.

Om Såta bu- og servicesenter

I september 2026 utvida Såta bu- og servicesenter med 13 somatiske plassar, i tillegg til dei 12 plassane for personar med demenssjukdom som vi allerede har. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.

Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar

Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane

Utføring og oppfølging av til dømes:

legemiddelhandsaming

ADL

sårstell

ernæring og væskebehandling

lindrande behandling

blodprøvetaking

Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak

Veileding av kollegaer og studentar

Samarbeid med pårøyrande

Tverrfagleg samarbeid

Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar

Kompetansekrav

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test

Kven er du?

Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg, klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig.

Vi tilbyr

Fagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling

Årsturnus

Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Søk på stillingen »