Barnehagelærar 100 % vikariat
Hjelmeland kommune Hjelmeland barnehage — HJELMELAND
Sted
HJELMELAND
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Søknadsfrist
18/11/2026

Vil du bli med på laget i hjelmelandsbarnehagen? Me har ledig 100 % vikariar i stilling som barnehagelærar i Hjelmeland barnehage, frå 1. januar 2027 til 31. desember 2027, med moglegheit for forlenging.

Hjelmeland barnehage er under utbygging og me skal i løpet av januar "fusjonera" frå to til eitt bygg. Utbyggingsdelen vert den nye administrasjonsavdelinga, der det vert gode fasiliteter for tilsette, med blant anna felleskontor for barnehagelærarne. Sidan me er i denne omstillingsprosessen, er det foreløpig ikkje avklart kva avdeling stillinga skal knyttast til.

I Hjelmeland kommune er det tre kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal og Fister. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» er det eit viktig mål å gje barn gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling. Me arbeidar heile tida for å vera i fagleg utvikling.

Me søkjer ein barnehagelærar som gjennom sitt engasjement og fagleg grunnlag er med på å skapa ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barn. Som barnehagelærar vil du vera med å ha ansvar for den faglege tilrettelegginga i arbeidet. Stillinga inneber ikkje personalansvar.

Ansvar og arbeidsoppgåver
- delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
- vera ein tydeleg rollemodell ovanfor barn og vaksne
- leggja til rette for leik, læring og utvikling
- sikra gode rutinar for det einskilde barnet sin trivnad og utvikling
- leggja til rette for og bidra til eit godt psykososialt miljø i barnehagen
- planleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske arbeidet
- skapa eit nært samarbeid mellom heim og barnehage
- bidra til å planleggja og evt. gjennomføra foreldresamtalar
- bidra til eit godt samarbeid med andre tenester
- bidra til å rettleia og støtta medarbeidarar i det pedagogiske/metodiske arbeidet
- vera oppdatert og vidareutvikla fagleg kompetanse

Kvalifikasjonar og vilkår
- godkjent barnehagelærarutdanning eller annan likeverdig utdanning, jamfør barnehagelova §25
- Har du fagarbeidarkompetanse kan det og vurderast for stillinga
- gode norskspråklege kunnskapar både skriftleg og munnleg, jamfør barnehagelova §28

Me søkjer etter ein person som
- er varm og tydeleg, med evne til å skapa gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skapa eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- er fagleg engasjert, og interessert i å tileigna seg ny kunnskap

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- barnehagar som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- kompetanseutvikling for alle tilsette
- rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen »