Helgestilling i Heimetenesta
Sveio kommune — SVEIO
Sted
SVEIO
Ansettelsesform
Fast · Deltid
Søknadsfrist
18/11/2026

Om stillinga

Vi søkjer ein ny kollega til Heimetenesta i Sveio kommune, fast helgestilling på 19,72 prosent.
Du arbeider kvar fjerde helg, med langvakter på 14 timar laurdag og søndag.

Heimetenesta har base på sjukeheimen i Sveio og server innbyggjarane frå Tittelsnes i nord
til Vikse i sør. Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.

Eininga er kjent for eit godt arbeidsmiljø, velfungerande samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er
ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre gjennom personsentrert omsorg.

Du skal få ei god opplæring, og me tek godt imot nytilsette.
Helgestillinga passar utmerket for deg som ønskjer ein fast og føreseieleg arbeidsrytme ved
sida av studiar eller anna arbeid. Me er opptatt av at du trivst og kjenner deg trygg i
avdelinga.

Skynd deg å søke om du har lyst til å være DEN heldige som får bli en del av det gode arbeidsmiljøet vårt!

Arbeidsoppgåver

jobbar aktivt for at brukarane skal meistre å bu heime så lenge som
mogleg

grunnleggjande pleie og omsorg, observasjon og tiltak som fremjar meistring og
livskvalitet

dokumentasjon og rapportering

variert og fagleg spennande arbeid der brukarane har eit alderspenn frå 0 til 100+ år

tverrfagleg samarbeid med andre einingar i kommunen, som tenestekontor, psykisk
helse, hjelpemiddellager, fysio-/ergoterapi, legekontor, sjukeheim etc

tett samarbeid med sjukepleiar

bygge gode og hensiktsmessige relasjonar til brukarar og pårørande, slik at dei
opplever tryggleik, kontinuitet og tillit til tenesta

delta i rettleiing og støtte av elevar, lærlingar og nytilsette

aktiv deltaking i å skape eit godt arbeidsmiljø

andre førefallande oppgåver

Kvalifikasjonar

søkjarar med helsefagleg utdanning vil bli prioritert

sertifikat klasse B

må levere tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk

Personlege eigenskapar

er positiv, fleksibel og løysingsorientert, initiativrik og emosjonelt robust

har gode haldningar og verdiar som set brukarane i fokus

har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig

er påliteleg og tek ansvar for vakter og oppgåver

er opptatt av fag, kvalitet og service

er raus og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og
studentar (framtidige kollegaer)

Vi tilbyr

fast helgestilling på 19,72%

arbeid kvar fjerde helg, med 14 timers langvakter

årsturnus over 52 veker med planlagd ferie, høgtid og helgearbeid

me finn løysingar som fungerer både for deg og for avdelinga

fagleg og personleg utvikling

dyktige og inkluderande kollegaer i eit godt arbeidsmiljø

sosiale arrangement

god offentleg pensjonsordning

tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

kommunale bilar

lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk

Søk på stillingen »