Vernepleiar/miljøterapeut i barneavlastinga
Meistring og psykisk helse, Stad kommune — STAD
Sted
STAD
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
15/11/2026

Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø i eit spennande tiltak, så kan dette vere stillinga for deg!

Barneavlastinga har ledig ei 100 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut frå 01.01.2027. Avdelinga er ein del av eininga Meistring og psykisk helse.

Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp med langvakter knytt til eit tiltak med 2:1 bemanning og vakter i Barneavlastinga. Arbeidshelg kvar fjerde helg med langvakter.

Barneavlastinga gjev eit avlastingstilbod for familiar som har eit tyngande omsorgsbehov for sine barn. Barna har ulike behov for oppfølging og bistand. I avdelinga arbeider ein tett på barna gjennom miljøterapeutiske tiltak og individuelt tilpassa oppfølging. Som tilsett er du med på å skape tryggleik, meistring og gode dagar for barna. Stillinga krev at ein kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivast med tett samarbeid i team. Arbeidsoppgåvene og arbeidsdagane er mange og varierte, og godt samarbeid er ein viktig faktor for både kvaliteten på tenestene og arbeidsmiljøet vårt.

Stillinga må sjåast i samanheng med pågåande interne prosessar i organisasjonen. Det blir derfor teke atterhald om at stillinga kan bli fylt gjennom intern tilsetjing.

Arbeidsoppgåver

Vernepleiefaglege og/eller miljøterapeutiske oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling

Ansvar for det faglege rundt barn og ungdom

Skape ein god heim

Kartlegge og vurdere behov

Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team

Følgje opp miljøterapeutiske tiltak

Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav

Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal

Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

Vernepleiar: Vernepleiar med autorisasjon

Miljøterapeut: Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå

I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning knytt til barn og unge og/eller psykisk helse

Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Aktuelle kandidatar må ha førarkort

Personlege eigenskapar

Gode kommunikasjonsevner

Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell - og sosial bakgrunn og med ulike livssyn.

Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver

Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid

Tek initiativ og ansvar

Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi tilbyr

Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs

Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø

Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.

Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf 41457801

Kontaktinformasjon
Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, stine.takle.piel@stad.kommune.no

Arbeidsstad
Myroldhaugvegen 43

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5195200500

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.11.2026

Søk på stillingen »