Tilkallingsvikar Sunde barnehage
Kvinnherad kommune Sunde barnehage — KVINNHERAD
Sted
KVINNHERAD
Ansettelsesform
Annet · Deltid
Søknadsfrist
15/11/2026

Omtale av stillinga

Her i Sunde barnehage har vi behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen. Kanskje er du arbeidssøkande, student, tek eit friår før vidare studiar, er heimeverande eller har ei deltidsstilling og ønskjer meir arbeid i kvardagen.

Vi ønskjer spesielt deg som er god på relasjonar, som møter både barn og vaksne med varme, respekt og interesse. Du er glad i å vere ute og trivst med ein aktiv kvardag i all slags vêr.

I Sunde barnehage satsar vi på Uteliv og Leselyst. Vi ønskjer at barna skal få rike naturopplevingar, utforske nærmiljøet og oppleve gleda ved å vere ute. Samtidig legg vi vekt på høgtlesing, språk og litteratur som gir barna gode opplevingar og styrkjer leseglede og nysgjerrigheit.

Arbeidsmengda vil variere gjennom året. I periodar kan det vere behov for mykje hjelp, medan det i andre periodar vil vere mindre arbeid.

Vi ønskjer at du:

Er glad i barn og oppteken av å skape gode relasjonar

Er positiv, omsorgsfull og ansvarsbevisst

Er glad i å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar

Er fleksibel og kan stille på kort varsel når det er behov

Bidreg til eit trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø

Vi tilbyr:

Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttande kollegaer

Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag

Moglegheit til å få erfaring frå arbeid med barn

Verdifull erfaring for deg som vurderer utdanning eller arbeid innan oppvekst, pedagogikk eller helse

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP

Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi å høyre frå deg! ????

Gyldig politiattest må framleggjast før oppstart.

Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen »