Vikariat rettleiar
Nav Nordfjord — GLOPPEN
Sted
GLOPPEN
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Søknadsfrist
15/11/2026

Vil du vere med og gjere ein forskjell?
Er du opptatt av å sjå moglegheiter framfor avgrensingar, og ønskjer å hjelpe menneske vidare mot arbeid og aktivitet? Då kan dette vere stillinga for deg.
Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar i avdeling Arbeid og helse i 100 % mellombels stilling frå 01.01.2027 og fram til 31.08.2027. Oppmøtestad er Sandane.

Dette er ei spennande og variert stilling med to hovudområde:
50 % oppfølging av ungdom under 30 år som del av ungdomsgarantien, uavhengig av kva yting dei mottek.
50 % oppfølging av personar over 30 år med helseutfordringar, særleg innan sjukefråværsoppfølging og arbeidsavklaringspengar (AAP).

Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du jobbar tett på menneske i ulike livssituasjonar. Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø som kvar dag arbeider for å hjelpe fleire inn i arbeid og aktivitet.

Kva går jobben ut på?

følgje opp og rettleie personar mot arbeid, utdanning eller annan aktivitet

kartleggje ressursar, arbeidsevne, interesser og moglegheiter saman med den enkelte

motivere og støtte brukarar i endrings- og utviklingsprosessar

samarbeide med arbeidsgjevarar, helsevesen, utdanningsinstitusjonar og andre relevante samarbeidspartnarar

bidra til gode og heilskaplege løysingar som styrkjer moglegheitene for arbeid og aktivitet

forvalte aktuelle ytingar og verkemiddel i tråd med gjeldande regelverk

følgje opp ungdom omfatta av ungdomsgarantien

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

fullført utdanning på bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.

god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

gode digitale ferdigheiter og interesse for ny teknologi

Det er ein fordel om du har

erfaring frå rettleiing og oppfølging av menneske i krevjande livssituasjonar

kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og verkemiddelapparat

kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen

erfaring frå samarbeid med arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar

førarkort klasse B

Kven er du?

trur på at alle menneske har ressursar og moglegheiter til å delta i arbeid eller aktivitet

møter menneske i ulike livssituasjonar med respekt, engasjement og profesjonalitet

er god til å skape relasjonar, motivere andre og byggje tillit

arbeider strukturert og målretta, også når du har fleire oppgåver samtidig

samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar

Kvifor velje oss?

ein meiningsfull jobb der du bidreg til at fleire kjem i arbeid og aktivitet

varierte arbeidsoppgåver innan både ungdomsoppfølging og arbeid-/helsefeltet

eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse

gode moglegheiter for fagleg utvikling

fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida

lønn som rådgivar (kode 1434) frå kr 639 000 til 650 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.

god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon
Kari Tonning, Avdelingsleiar, 45233070, kari.tonning@nav.no

Arbeidssted
Gotevegen 68

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5201983596

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.11.2026

Søk på stillingen »