Kvilande nattevakt
Bufetat — BERGEN
Sted
BERGEN
Ansettelsesform
Fast · Deltid
Søknadsfrist
08/11/2026

Om stillinga og arbeidsstaden

Bergen akuttsenter avd. Nattland er ein akuttinstitusjon for barn og unge i alderen 13 - 18 år, under Bufetat, region vest. Vi tek imot ungdom som har vedtak etter Lov om barneverntjenester §§ 4.1, 4.2 og 5.1.

Bergen akuttsenter har sitt faglege rammeverk i Barnets behov i sentrum. I tillegg har avdelingen etablert gode rutiner etter traumebevisst omsorg og følger akuttforløpet.

Vi har ledig ein fast stilling som kvilande nattevakt, 70% (lønnsteknisk 38 %)
Stillinga inneber for tida 2-3 vakter i veka, arbeid kvar 3.helg.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.

Det kan og bli ledig vikariat ved senteret på både natt og i andre stillingar. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.

Arbeidsoppgåver

Målet for stillinga er å vareta ungdommane og ha fokus på ro og tryggleik i avdelinga nattetid.

Ivareta ungdommane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen gjennom natta.

Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttende måte.

Gjennomføre risikovurderingar og setje i verk tiltak for å førebyggje og handtere situasjonar der ungdom kan skade seg sjølv eller andre.

Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.

Bidra til å ta vare på rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.

Inntak av nye ungdomar.

Det er krav om at alle tilsette gjennomførar opplæring i tryggleik og sikkerheit på barnevernsinstitusjon.

Kva bakgrunn har du?

Kompetansekrav:

Du bør ha minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng i relevante fagområde.

Studentar som er i ferd med å gjennomføre bachelorutdanning i sosialt arbeid, barnevernspedagog eller vernepleie kan bli vurdert.

Søkjarar utan relevant utdanning med relevant barneverns- og/eller institusjonserfaring kan bli vurdert.

God fysisk og psykisk helse.

Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Har førarkort (minimum) klasse B.

Det er ønskeleg med:

Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon

Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg.

Kjennskap til barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernsloven.

Kjennskap til traumebevisst omsorg.

Personlege eigenskapar

Kven ser vi etter:

Du er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen som trivst i arbeid med ungdom.

Du byggjer gode relasjonar og møter ungdom med varme, respekt og forståing.

Du engasjerer, motiverer og bidreg til utvikling og positiv endring.

Du samarbeider godt med andre, tek ansvar og bidreg positivt til arbeidsmiljøet.

Du er fleksibel, strukturert og trivst i ein variert og til tider hektisk kvardag.

Du er fagleg nysgjerrig, tek imot rettleiing og nyttar kunnskap og refleksjon i arbeidet ditt.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilstreber ei lik kjønnsfordeling.

Kva får du hos oss?

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år. Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.

Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 690 000 pr. år.

Ved fast deltid og vikariat kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000 pr.år.

Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.

Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.

Opplysningar til deg som søkjar

Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.

Stillinga er for tida lagd til avdeling Nattland.

ID-kontroll vert gjennomført som ein fast del av intervjuprosessen for å sikre ein trygg og korrekt rekrutteringsprosess. Gyldig legitimasjon må difor kunne leggjast fram ved intervju.

Me gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.

Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.

Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.

Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.

Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Søk på stillingen »