Dalsøyra barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% vikar barnehagelærar eller fagarbeidar
Gulen kommune — GULEN
Sted
GULEN
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Søknadsfrist
17/11/2026

Om stillinga

Gulen kommune har ledig eit vikariat i inntil 100% stilling frå snarast mogleg til midten av august 2027. Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra barnehage i eininga Dalsøyra barnehage og skule.

Me søkjer ein barnehagelærar eller ein barne- og ungdomsarbeidar, eventuelt ein søkjar med tilsvarande relevant utdanning. Søkjarar utan relevant utdanning er òg velkomne til å søkje og kan bli vurderte dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar.

Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdelingar på Dalsøyra og i Hovden. Sjå her for meir informasjon om Dalsøyra barnehage.

Ta kontakt med kontaktpersonen i annonsen om du har spørsmål til stillinga!

Barnehagane i Gulen har:

Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar

Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar

Godt arbeidsmiljø

Tilbod om rettleiing

Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver

Barnehagelærar

Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde

Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar

Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga

Delta i den daglege drifta

Andre oppgåver som måtte kome til

Barne- og ungdomsarbeidar

Medverke til at einiga er ei god pedagogisk verksemd

Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna

Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda

Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar

Barnehagelærar

Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk.

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Barne- og ungdomsarbeidar

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan vi vurdere søkjarar utan godkjend utdanning

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar

Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna

Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne

Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner

Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar

For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest av den som får tilbod om stillinga

Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Søk på stillingen »